Pressemelding

Tingingsverk med Solveig Slettahjell

Tingingsverk med Solveig Slettahjell. Bilete: Oskar Henn

Solveig Slettahjell er etablert som ein av Noregs fremste og mest spanande jazzvokalistar. Med bandet Slow Motion Quintet etablerte ho frå starten i 2001 eit svært særprega uttrykk. Utgangspunktet var å utforske mogelegheitene i å framføra låtane sakte; jazzen sitt svar på ”slow food”-røyrsla.

"Mellom panikk og kjedsomhet"

Alterhaug og Dale. Mellom panikk og kjedsomhet.

Vossa Jazz skipa i november til seminar for hovudsponsoren vår, Vossa Jazz lauget, der tema var korleis ein kan nytta improvisasjon i det daglege arbeidet.

Strålande resultat for Vossa Jazz 2008

Strålande resultat for Vossa Jazz 2008. Bilete:  Brit Aksnes.

Dagleg leiar Trude Storheim og styreleiar Magne J. Kalstad informerte om statusen for årets Vossa Jazz. Kalstad ville ikkje gje konkrete tal, men kan stadfesta at billettsalet har auka frå sist år, og budsjettet er i boks. Økonomisk balanse var utgangspunktet, og dette vart oppnådd.

Vossa Jazz med fint overskot i 2007

Vossa Jazz med fint overskot i 2007 - Illustrasjon Yngve Knausgård

Styret i Vossa Jazz har på styremøtet 9. mars handsama årsrekneskapen for rekneskapsåret 2007, og er svært glade for å kunna fastslå at det økonomiske resultatet vart eit overskot på kr. 367 834,-. Styreleiar Magne J. Kalstad seier at dette er resultat av eit målretta arbeid frå alle som engasjerte seg i å gi festvalen ein sikrare økonomisk ståstad.

På framsida no

Argentinsk aften på Ringheim kafe

Libertango

Libertango held vanlegvis til i Salzburg med lengre periodar i Buenos Aires. For kvelden har bandet forflytta seg til Noreg og Vestlandet og tek sikte på å sprita opp fredagskvelden på beste latinovis!

Gruppa har sitt musikalske utspring i Django Reinhardt, tradisjonell tango, Tango nuevo såvel som eigenkomponerte stykke av den meir improvisatoriske arten. Publikum får dosar av flamenco og fransk musette innimellom dei hjarteskjærande argentinske tangoane som kan fylla augo med tårer og setja blodet i brann.

Gjer dekan klar for ein lidenskapeleg kveld med virtuose musikarar og heftige rytmar!

Sigrid Gerlach Waltenberger: trekkspel
Sabine Linecker: Kontrabass
Michael Brandl : Gitar

Ringheim kafé fredag 10. september kl. 22:00.
Kr. 100, billettsal i døra. 

Les meir: http://www.myspace.com/libertangosalzburg#ixzz0wUZ8KaVu

Ekstremt vakkert ved Raundalselva

Eldbjørg Raknes

Foto: Terje Nesthus 


Tysdag 29. juni var det igjen duka for Ekstremjazz, denne gongen i Raundalen, ved Lindebergs bru. Konserten fann stad i samband med Europacup i rafting og var eit samarbeid med Ekstremsportveko.

Om lag 100 publikummarar, både ekstremsportutøvarar og andre gjester, fekk oppleva Eldbjørg Raknes halda ein sterk og vakker konsert der scena var omkramsa av Raundalselva. Raknes nytta elva både som visuell bakgrunn for konserten, men òg ved å ta opp elvebruset og bruka dette som ein del av musikken.

 

 

Ekstremjazz er flytta!

Eldbjørg Raknes

Urdland klokka 13:00

Ekstremjazz med Eldbjørg Raknes er flytta frå Hustveit til Urdland, dvs. ved  Lindebergs bru. Klokkeslett er òg endra, ny tid er 13:00.

Det går buss frå parkeringsplassen ved Park kl. 12:00, evt. parkering ved Raundalen skule og shuttlebuss derifrå.

Konserten finn stad i samband med Europacup i Rafting; slalom, spring og H2H. Det blir sal av kortreist mat.

Konserten er gratis.


Velkomen!

www.ekstremsportveko.com

www.eldbjorgraknes.com

 

Ekstremjazz

Eldbjørg Raknes

 

Tysdag 29. juni vert det Ekstremjazz på Hustveit!

Ekstremjazz er eit kryssoverprosjekt mellom Ekstremsportveko og Vossa Jazz, denne gongen under Veko. Eldbjørg Raknes held konsert og ekstremsportutøvarar frå ulike greiner vil kretsa rundt arenaen på tunet.

Hustveit ligg på andre sida av dalen for Tvindefossen. Frå Vangen: Køyr mot Tvinde og ta til høgre like før avkøyringa til Tvinde camping og over ei lita bru. Det vert avgang herfrå kl. 16:30. Det tar 30 - 60 min. å gå frå vegen, alt etter tempo :) Ved behov for transport frå sentrum: Det går buss frå parkeringsplassen ved Park kl. 16:00.

 

Det vert sal av kortreist mat.

Konserten er gratis. Kom og bli med til denne flotte staden for ei sterk oppleving!

 

www.ekstremsportveko.com

www.eldbjorgraknes.com

 

 

Vossa Jazz-lauget
Hansa
BKK
Fleischers hotel
Fjordland
Vossevangen hotel
Sparebanken Vest
Sponsorer
Voss energi
Bergens Tidende
Bergens Tidende