Afenginn

Luke 7 - 2009

Afenginn tyder berusing og styrke på gamalnordisk og den fem-mannssterke gruppa med dette namnet har på kort tid og med høgt tempo bygd seg eit solid rykte som eit virtuost og framifrå live-band. Sidan starten i 2002 har varemerket vore originalitet og inspirasjonskjeldene world-, punk- og folkemusikk.

Musikken spenner frå skrøpeleg pianissimo til ville og brølande parti og har vorte beskrive som bastard-etno med snev av nordisk melankoli og ein dæsj frydefull galskap.

Afenginn blir òg nemnt i same andedrag som Kaizers Orchestra for dei som treng ein heimleg og ”trygg” referanse. Afenginn har gitt ut fire album og i 2005 blei Retrograd tildelt prisen for Årets World Album og i 2009 vann dei den danske Spellemannsprisen Danish Music Award som årets artist i samband med utgjevinga av Reptilica Polaris. Så gjer deg klar til å bli berusa og styrka med hjelp av dei danske spelemennene i Afenginn!

Kim Nyberg – mandolin Bjarke Falgren – fiolin Rasmus Krøyer – klarinett Aske Jacoby – bass Rune Kofoed – trommer

http://www.afenginn.dk/

English: Afenginn

Afenginn comes from Denmark although their old-Nordic name hints at their diverse influences. This name means intoxication and strength and the quintet performs as if high on life! Since their start in 2002 they have won Album of the Year for the record Retrograd in 2005 and in 2009 the Danish Music Award for Reptilica Polaris. This should be a mind-expanding experience so don't miss out on Afenginn and their eclectic etnic music flavoured with traces of Nordic melancholy and joyous madness!

Billettar til denne konserten = huskort fredag eller huskort laurdag

På framsida no

Argentinsk aften på Ringheim kafe

Libertango

Libertango held vanlegvis til i Salzburg med lengre periodar i Buenos Aires. For kvelden har bandet forflytta seg til Noreg og Vestlandet og tek sikte på å sprita opp fredagskvelden på beste latinovis!

Gruppa har sitt musikalske utspring i Django Reinhardt, tradisjonell tango, Tango nuevo såvel som eigenkomponerte stykke av den meir improvisatoriske arten. Publikum får dosar av flamenco og fransk musette innimellom dei hjarteskjærande argentinske tangoane som kan fylla augo med tårer og setja blodet i brann.

Gjer dekan klar for ein lidenskapeleg kveld med virtuose musikarar og heftige rytmar!

Sigrid Gerlach Waltenberger: trekkspel
Sabine Linecker: Kontrabass
Michael Brandl : Gitar

Ringheim kafé fredag 10. september kl. 22:00.
Kr. 100, billettsal i døra. 

Les meir: http://www.myspace.com/libertangosalzburg#ixzz0wUZ8KaVu

Ekstremt vakkert ved Raundalselva

Eldbjørg Raknes

Foto: Terje Nesthus 


Tysdag 29. juni var det igjen duka for Ekstremjazz, denne gongen i Raundalen, ved Lindebergs bru. Konserten fann stad i samband med Europacup i rafting og var eit samarbeid med Ekstremsportveko.

Om lag 100 publikummarar, både ekstremsportutøvarar og andre gjester, fekk oppleva Eldbjørg Raknes halda ein sterk og vakker konsert der scena var omkramsa av Raundalselva. Raknes nytta elva både som visuell bakgrunn for konserten, men òg ved å ta opp elvebruset og bruka dette som ein del av musikken.

 

 

Ekstremjazz er flytta!

Eldbjørg Raknes

Urdland klokka 13:00

Ekstremjazz med Eldbjørg Raknes er flytta frå Hustveit til Urdland, dvs. ved  Lindebergs bru. Klokkeslett er òg endra, ny tid er 13:00.

Det går buss frå parkeringsplassen ved Park kl. 12:00, evt. parkering ved Raundalen skule og shuttlebuss derifrå.

Konserten finn stad i samband med Europacup i Rafting; slalom, spring og H2H. Det blir sal av kortreist mat.

Konserten er gratis.


Velkomen!

www.ekstremsportveko.com

www.eldbjorgraknes.com

 

Ekstremjazz

Eldbjørg Raknes

 

Tysdag 29. juni vert det Ekstremjazz på Hustveit!

Ekstremjazz er eit kryssoverprosjekt mellom Ekstremsportveko og Vossa Jazz, denne gongen under Veko. Eldbjørg Raknes held konsert og ekstremsportutøvarar frå ulike greiner vil kretsa rundt arenaen på tunet.

Hustveit ligg på andre sida av dalen for Tvindefossen. Frå Vangen: Køyr mot Tvinde og ta til høgre like før avkøyringa til Tvinde camping og over ei lita bru. Det vert avgang herfrå kl. 16:30. Det tar 30 - 60 min. å gå frå vegen, alt etter tempo :) Ved behov for transport frå sentrum: Det går buss frå parkeringsplassen ved Park kl. 16:00.

 

Det vert sal av kortreist mat.

Konserten er gratis. Kom og bli med til denne flotte staden for ei sterk oppleving!

 

www.ekstremsportveko.com

www.eldbjorgraknes.com

 

 

Vossa Jazz-lauget
Hansa
BKK
Fleischers hotel
Fjordland
Vossevangen hotel
Sparebanken Vest
Sponsorer
Voss energi
Bergens Tidende
Bergens Tidende