Andy Sheppard

Foto: Jos L. Knaepen

Etter å ha lytta intenst til John Coltrane gjekk 19-åringen Andy ut og kjøpte seg ein sopransaksofon. Nokre veker seinare spelte han offentleg med Bristol-kvartetten Spheres. Sidan har det gått slag i slag. Den hardt-turnerande Sheppard har vunne prisar i fleng og spelt inn plater med alle frå Randy Brecker til Gil Evans.

Sheppard har òg skrive mykje for andre, mellom anna Bergen Big Band i si tid!
Den mangefasetterte og energiske mannen har spelt på platene til tallause artistar, både jazzstjerner som Carla Bley, avdøde folkrock-guru John Martyn og fiolinvirtuosen Nigel Kennedy – han dukka til og med opp på eit tribute-album til New York Dolls! «Movements in colour» kom ut på ECM våren 2009 til kjempekritikkar.

Me let The Guardian snakka for oss og ventar i spenning på å få han til Vossa Jazz: «Det er poetisk, det er leikande, det er tilgjengeleg – det er tvers gjennom Sheppard».

Andy Sheppard - sopran- og tenorsaksofon
Arild Andersen - kontrabass
John Parricelli - gitar
Kuljit Bhamra - tabla, perkusjon

http://www.andysheppard.co.uk/

Dersom du har Kulturkort for ungdom får du rabatt på denne konserten. Då kjøper du billett på billetkontoret på Park under festivalen.

English:
Andy Sheppard

After listening intensely to John Coltrane, 19 year old Andy Sheppard went out and bought himself a soprano saxophone and the rest is not history, but an ongoing and increasingly exciting musical story. He tours hard and plays soft. The inexhaustible Sheppard is also an accomplished composer and he is as diverse as the artists he has played for – Carla Bley, folk guru John Martyn, violin virtous Nigel Kennedy – he even showed up on a tribute album to the New York Dolls! «Movements in colour» was released on ECM spring 2009 to standing ovations. Please welcome to the stage: Mr Andy Sheppard!

Kjøp billettar til denne konserten her.

På framsida no

Argentinsk aften på Ringheim kafe

Libertango

Libertango held vanlegvis til i Salzburg med lengre periodar i Buenos Aires. For kvelden har bandet forflytta seg til Noreg og Vestlandet og tek sikte på å sprita opp fredagskvelden på beste latinovis!

Gruppa har sitt musikalske utspring i Django Reinhardt, tradisjonell tango, Tango nuevo såvel som eigenkomponerte stykke av den meir improvisatoriske arten. Publikum får dosar av flamenco og fransk musette innimellom dei hjarteskjærande argentinske tangoane som kan fylla augo med tårer og setja blodet i brann.

Gjer dekan klar for ein lidenskapeleg kveld med virtuose musikarar og heftige rytmar!

Sigrid Gerlach Waltenberger: trekkspel
Sabine Linecker: Kontrabass
Michael Brandl : Gitar

Ringheim kafé fredag 10. september kl. 22:00.
Kr. 100, billettsal i døra. 

Les meir: http://www.myspace.com/libertangosalzburg#ixzz0wUZ8KaVu

Ekstremt vakkert ved Raundalselva

Eldbjørg Raknes

Foto: Terje Nesthus 


Tysdag 29. juni var det igjen duka for Ekstremjazz, denne gongen i Raundalen, ved Lindebergs bru. Konserten fann stad i samband med Europacup i rafting og var eit samarbeid med Ekstremsportveko.

Om lag 100 publikummarar, både ekstremsportutøvarar og andre gjester, fekk oppleva Eldbjørg Raknes halda ein sterk og vakker konsert der scena var omkramsa av Raundalselva. Raknes nytta elva både som visuell bakgrunn for konserten, men òg ved å ta opp elvebruset og bruka dette som ein del av musikken.

 

 

Ekstremjazz er flytta!

Eldbjørg Raknes

Urdland klokka 13:00

Ekstremjazz med Eldbjørg Raknes er flytta frå Hustveit til Urdland, dvs. ved  Lindebergs bru. Klokkeslett er òg endra, ny tid er 13:00.

Det går buss frå parkeringsplassen ved Park kl. 12:00, evt. parkering ved Raundalen skule og shuttlebuss derifrå.

Konserten finn stad i samband med Europacup i Rafting; slalom, spring og H2H. Det blir sal av kortreist mat.

Konserten er gratis.


Velkomen!

www.ekstremsportveko.com

www.eldbjorgraknes.com

 

Ekstremjazz

Eldbjørg Raknes

 

Tysdag 29. juni vert det Ekstremjazz på Hustveit!

Ekstremjazz er eit kryssoverprosjekt mellom Ekstremsportveko og Vossa Jazz, denne gongen under Veko. Eldbjørg Raknes held konsert og ekstremsportutøvarar frå ulike greiner vil kretsa rundt arenaen på tunet.

Hustveit ligg på andre sida av dalen for Tvindefossen. Frå Vangen: Køyr mot Tvinde og ta til høgre like før avkøyringa til Tvinde camping og over ei lita bru. Det vert avgang herfrå kl. 16:30. Det tar 30 - 60 min. å gå frå vegen, alt etter tempo :) Ved behov for transport frå sentrum: Det går buss frå parkeringsplassen ved Park kl. 16:00.

 

Det vert sal av kortreist mat.

Konserten er gratis. Kom og bli med til denne flotte staden for ei sterk oppleving!

 

www.ekstremsportveko.com

www.eldbjorgraknes.com

 

 

Vossa Jazz-lauget
Hansa
BKK
Fleischers hotel
Fjordland
Vossevangen hotel
Sparebanken Vest
Sponsorer
Voss energi
Bergens Tidende
Bergens Tidende