Vossa Jazz vil takka musikarar, publikum og medarbeidarar som gjorde årets festival til ei fantastisk oppleving.
Velkomen attende 15.-17. april 2011!
Vossa Jazz vil takka musikarar, publikum og medarbeidarar som gjorde årets festival til ei fantastisk oppleving.
Velkomen attende 15.-17. april 2011!
Juryen grunngjev prisgjevinga slik: ”Dette bandet har vore aktive lenge og heilt frå starten av har me har opplevd dei på ulike scener i bygda. Bandet har vist ei imponerande utvikling den siste vinteren til å meistra og improvisera over stadig meir krevjande komposisjonar.
Etter dagens oppsummering etter nesten overstått Vossa Jazz kunne festivalsjef Trude Storheim og styreleiar Magne Kalstad konkludera med at den 37. i rekka har vore ein suksess.
Går du inn på http://www.vossajazz.no/content/konsertbilete-2010 så finn du konsertbilete frå dei fleste konsertane under årets Vossa Jazz. Bileta kan nyttast fritt så lenge ein krediterar Vossa Jazz og fotografen.

Foto: Terje Nesthus
Tysdag 29. juni var det igjen duka for Ekstremjazz, denne gongen i Raundalen, ved Lindebergs bru. Konserten fann stad i samband med Europacup i rafting og var eit samarbeid med Ekstremsportveko.
Om lag 100 publikummarar, både ekstremsportutøvarar og andre gjester, fekk oppleva Eldbjørg Raknes halda ein sterk og vakker konsert der scena var omkramsa av Raundalselva. Raknes nytta elva både som visuell bakgrunn for konserten, men òg ved å ta opp elvebruset og bruka dette som ein del av musikken.

Ekstremjazz med Eldbjørg Raknes er flytta frå Hustveit til Urdland, dvs. ved Lindebergs bru. Klokkeslett er òg endra, ny tid er 13:00.
Det går buss frå parkeringsplassen ved Park kl. 12:00, evt. parkering ved Raundalen skule og shuttlebuss derifrå.
Konserten finn stad i samband med Europacup i Rafting; slalom, spring og H2H. Det blir sal av kortreist mat.
Konserten er gratis.
Velkomen!

Ekstremjazz er eit kryssoverprosjekt mellom Ekstremsportveko og Vossa Jazz, denne gongen under Veko. Eldbjørg Raknes held konsert og ekstremsportutøvarar frå ulike greiner vil kretsa rundt arenaen på tunet.
Hustveit ligg på andre sida av dalen for Tvindefossen. Frå Vangen: Køyr mot Tvinde og ta til høgre like før avkøyringa til Tvinde camping og over ei lita bru. Det vert avgang herfrå kl. 16:30. Det tar 30 - 60 min. å gå frå vegen, alt etter tempo :) Ved behov for transport frå sentrum: Det går buss frå parkeringsplassen ved Park kl. 16:00.
Det vert sal av kortreist mat.
Konserten er gratis. Kom og bli med til denne flotte staden for ei sterk oppleving!

For dei som ikkje var så heldige å få oppleva Frode Grytten opna festivalen, men òg for dei som var der, men likevel gjerne vil lesa talen hans; her fylgjer Frode Gryttten sin opningstale til Vossa Jazz 2010:
charles mingus døde i mexico
med sola som ein cymbal på himmelen
sola var ute av stand til å tine opp mingus
ute av stand til å drive vekk the chill of death
fingrane hans - numne
tærne hans - numne
hjartet hans - nummen
musikken - numment
inne i den store kroppen
blåste ein storm av noteark
alt rotet frå livet hans virvla rundt der inne
flasker iskrem mikrofonar søppel ein pork pie hatt
sterofoniske skrik einsame gatehjørne
okkuperte fedre blå nåde
sola likna ei eggeplomme med skyer rundt
sola rørte seg ikkje på tre døgn
charles mingus visste då at
om du lukkar auga
kan du høre sola
dersom du lukkar auga nok
kan du høre sola
sola har sine lydar, slik vêret har sine lydar
snø dempar lyd, regn lukkar inne
hausten har ei tåke rundt alle lydar
byen er ein bass som står nede i gata
lyden av eit permanent menneskelig jordskjelv
før døden visste charles mingus dette
skal du lage musikk, må du lage musikk
som høyrast ut som sola for ein som har auga lukka
eller som eit måltid du stappar ned halsen når du er
svolten
så umiddelbart, så instinktivt
ein nødvendig frukost
det er musikk, det er jazz, ein nødvendig frukost
skal du lage musikk, må du lage musikk
som høyrest ut som om du kjører ein bil altfor fort
slik at ein blind mann kan høyre farten
kjenne svingane, susinga av den våte vegen under hjula
fløytinga frå andre bilar, vindaugsviskarane over
frontruta
musikken er denne dialogen på vegen
mellom sjåfør og passasjer
krafsande diggande swingande
pluss, pluss
det som mingus hadde hørt
på plantasjane i trappeoppgangane på gatehjørnene
i barane i bilane i bussane
lyden av menn som ler saman
ein gong stod ein fyllik bak i lokalet
og ropte på den same songen: spel den mingus spel den
til slutt gikk mingus ned og dytta bassen i fyllikens
ansikt
spel han sjølv
så gikk han ut i sinne
ut i gatene, han drog stilla frå klubblokalet opp etter
seg
inn i gatene, ut i byen, sinna overmanna nummen
han pakka musikken full av liv, full av byens støy
full av sinne, sitt eige blod
telefonar som small i veggen fordi han ikkje fikk
summetone
lamper han knuste fordi dei ikkje lyste
kamera innspelingsutstyr dører flasker
til slutt knuste han bassen også
soloane hans blei stadig tyngre
slik kroppen hans blei stadig tyngre, vekta av alt inni
han
hundre blodige villmenn, døden, krigen, mødrene
alt samla i ein person, vekta av å vere den han var
han spelte bass som han var ein brytar ute på matta
finne eit grep rundt halsen, hive bassen i bakken
bare jazz som blåser fletta av deg igjen
pluss, pluss
eit skrik, eit hyl må finnast i musikken
eit hyl som er det bankande hjartet i all svart musikk
eit hyl om nåde, håp, smerte, sorg
ikkje bare det, ei helsing også
eit rop til brør og vennar: eg er på veg, eg kjem, bror
plukk alt saman frå kvarandre, del det i bitar
til slutt finn du det hylet
bak det swingande finst ei hamring
bak hamringa finst ein song
i songen finst ein blues
i bluesen finst eit hyl
eit hyl, eit rop for å få dei døde tilbake, rope dei
tilbake
men ikkje bare det, det veit den døande mingus no
under mexicos sol som er ein klatt smeltande smør
der oppe på himmelen
bluesen er å ønske seg sjølv død
bluesen er ein måte å hjelpe dei levande med å finne dei
døde
jazzen er tenkande syngande klagande hamrande
vi hører jazz og føler jazz og røyker jazz
vi kler på oss jazz om morgonen og går ut i new york
på voss og i harstad, i baltimore og paris
vi omfamnar jazz vi kyssar jazz drikk jazz inhalerer jazz
kravlar bakover i tid, vekk frå oss sjølv
syklar framover, til oss sjølv
mingus med ein bass bakpå sykkelen
gjennom greenwich village
og sykkelen knekker under vekta av jazz
jazz
under snøen
under dødens kulde
the chill of death
kjem jazz til syne
eit sterofonisk hyl
hyssj hyssj
stillheita er eit visst minumum av lyd som må til
for å dekke all annan støy
hyssj hyssj
hører du sola
hører du tåka
hører du toget
hyssj hyssj
jazz er ein blind mann bak rattet
her kjem eg bror
her kjem eg