mars, 2010

Fest i Fraktgodsen med Flat Earth Society

Det var ingen ringare enn ensamblet Flat Earth Society som avrunda den 37. Vossa Jazz-festivalen i Fraktgodsen sundag kveld. Ikkje mindre enn femten musikarar rocka stemninga på messing, streng, tre og perkusjon. Med eit spekter frå roleg og harmonisk, til eksperimentelt og spanande vart publikum forfød mens gleda og gaskapen spreidde seg frå scena. Ei verdig og usjenert avslutning.

Urkrafta Mari Boine

MARI BOINE (C) ADRIAN SØGNEN - VOSSAJAZZ

16 år etter ho sjølv hadde tingingsverket er Mari Boine tilbake. Ho opnar i eit forrykande tempo med ei av låtane frå det same tingingsverket i 1994, noko mindre nervøs no enn den gong kan ho røpa.

Musikalsk ekstremsport i Osasalen

Sidsel Endresen

I Osasalen sundag ettermiddag fekk me servert musikalsk ekstremsport der Sidsel Endresen foretok vokalsk basejumping og Håkon Kornstad dreiv saksofonisk paragliding.

Finfine Mike Mainieri

Applausen under konserten sa sitt, med stadig applaudering viste publikum sin store begeistring for Mike Mainieri & Northern Lights. Mike Mainieri hadde med seg det stjernespekka teamet Bendik Hofseth, Bugge Wesseltoft, Lars Danielson og Audun Kleive. Eit hav av fortryllande tonar førte tilskodarane inn i ei eventyrverd.

På framsida no

Argentinsk aften på Ringheim kafe

Libertango

Libertango held vanlegvis til i Salzburg med lengre periodar i Buenos Aires. For kvelden har bandet forflytta seg til Noreg og Vestlandet og tek sikte på å sprita opp fredagskvelden på beste latinovis!

Gruppa har sitt musikalske utspring i Django Reinhardt, tradisjonell tango, Tango nuevo såvel som eigenkomponerte stykke av den meir improvisatoriske arten. Publikum får dosar av flamenco og fransk musette innimellom dei hjarteskjærande argentinske tangoane som kan fylla augo med tårer og setja blodet i brann.

Gjer dekan klar for ein lidenskapeleg kveld med virtuose musikarar og heftige rytmar!

Sigrid Gerlach Waltenberger: trekkspel
Sabine Linecker: Kontrabass
Michael Brandl : Gitar

Ringheim kafé fredag 10. september kl. 22:00.
Kr. 100, billettsal i døra. 

Les meir: http://www.myspace.com/libertangosalzburg#ixzz0wUZ8KaVu

Ekstremt vakkert ved Raundalselva

Eldbjørg Raknes

Foto: Terje Nesthus 


Tysdag 29. juni var det igjen duka for Ekstremjazz, denne gongen i Raundalen, ved Lindebergs bru. Konserten fann stad i samband med Europacup i rafting og var eit samarbeid med Ekstremsportveko.

Om lag 100 publikummarar, både ekstremsportutøvarar og andre gjester, fekk oppleva Eldbjørg Raknes halda ein sterk og vakker konsert der scena var omkramsa av Raundalselva. Raknes nytta elva både som visuell bakgrunn for konserten, men òg ved å ta opp elvebruset og bruka dette som ein del av musikken.

 

 

Ekstremjazz er flytta!

Eldbjørg Raknes

Urdland klokka 13:00

Ekstremjazz med Eldbjørg Raknes er flytta frå Hustveit til Urdland, dvs. ved  Lindebergs bru. Klokkeslett er òg endra, ny tid er 13:00.

Det går buss frå parkeringsplassen ved Park kl. 12:00, evt. parkering ved Raundalen skule og shuttlebuss derifrå.

Konserten finn stad i samband med Europacup i Rafting; slalom, spring og H2H. Det blir sal av kortreist mat.

Konserten er gratis.


Velkomen!

www.ekstremsportveko.com

www.eldbjorgraknes.com

 

Ekstremjazz

Eldbjørg Raknes

 

Tysdag 29. juni vert det Ekstremjazz på Hustveit!

Ekstremjazz er eit kryssoverprosjekt mellom Ekstremsportveko og Vossa Jazz, denne gongen under Veko. Eldbjørg Raknes held konsert og ekstremsportutøvarar frå ulike greiner vil kretsa rundt arenaen på tunet.

Hustveit ligg på andre sida av dalen for Tvindefossen. Frå Vangen: Køyr mot Tvinde og ta til høgre like før avkøyringa til Tvinde camping og over ei lita bru. Det vert avgang herfrå kl. 16:30. Det tar 30 - 60 min. å gå frå vegen, alt etter tempo :) Ved behov for transport frå sentrum: Det går buss frå parkeringsplassen ved Park kl. 16:00.

 

Det vert sal av kortreist mat.

Konserten er gratis. Kom og bli med til denne flotte staden for ei sterk oppleving!

 

www.ekstremsportveko.com

www.eldbjorgraknes.com

 

 

Vossa Jazz-lauget
Hansa
BKK
Fleischers hotel
Fjordland
Vossevangen hotel
Sparebanken Vest
Sponsorer
Voss energi
Bergens Tidende
Bergens Tidende