mars, 2010

Pris og tingingsverk til borna på Vossa Jazz

Badnajazzen

I år vart Badnajazzprisen på Vossa Jazz tildelt dei Badnajazzen er for, med og av; borna sjølve. Badnajazzen har i år 10-årsjubileum, og prisen, som gjekk til borna sjølve, vart feira med bollar og saft etter konserten.

Stein Urheim vann Vossa Jazz-prisen 2010

Stein Urheim

«Prisen skal gå til den frilans jazzmusikaren frå Hordaland som i løpet av festivalåret har gjort seg mest fortent til denne heideren. Årets prisvinnar har i mange år markert seg som ein solid utøvar, med ei allsidig verksemd innanfor mange sjangrar. Årets prisvinnar er ein av våre finaste instrumentalistar. Gjennom sine eigne prosjekt har han vore sentral i landsdelen i mange år.

Ekstrem "Kjempeviseslått" på Vossa Jazz

Ekstremjazzen

Laurdag føremiddag tok over 300 festivaldeltakarar turen med gondolbanen til Hanguren for å få med seg Ekstremjazzen. Ekstremjazzen, den fjerde i rekkja i Vossa Jazz si historie, har blitt ein viktig og integrert del av festivalen sitt program.

Nytt Tore Brunborg-verk via e-post

Scent of Soil

Tore Brunborg hadde fredag urframføring av prosjektet Scent of Soil på Vossa Jazz. Brunborg tykkjer det er viktig å ha eit bakteppe og utgangspunkt i noko ein likar når ein lagar musikk, og denne gongen er naturen inspirasjonskjelda. Låtane har Brunborg komponert saman med Kirsti Huke, medan det er Huke som har stått for alle tekstane.

På framsida no

Argentinsk aften på Ringheim kafe

Libertango

Libertango held vanlegvis til i Salzburg med lengre periodar i Buenos Aires. For kvelden har bandet forflytta seg til Noreg og Vestlandet og tek sikte på å sprita opp fredagskvelden på beste latinovis!

Gruppa har sitt musikalske utspring i Django Reinhardt, tradisjonell tango, Tango nuevo såvel som eigenkomponerte stykke av den meir improvisatoriske arten. Publikum får dosar av flamenco og fransk musette innimellom dei hjarteskjærande argentinske tangoane som kan fylla augo med tårer og setja blodet i brann.

Gjer dekan klar for ein lidenskapeleg kveld med virtuose musikarar og heftige rytmar!

Sigrid Gerlach Waltenberger: trekkspel
Sabine Linecker: Kontrabass
Michael Brandl : Gitar

Ringheim kafé fredag 10. september kl. 22:00.
Kr. 100, billettsal i døra. 

Les meir: http://www.myspace.com/libertangosalzburg#ixzz0wUZ8KaVu

Ekstremt vakkert ved Raundalselva

Eldbjørg Raknes

Foto: Terje Nesthus 


Tysdag 29. juni var det igjen duka for Ekstremjazz, denne gongen i Raundalen, ved Lindebergs bru. Konserten fann stad i samband med Europacup i rafting og var eit samarbeid med Ekstremsportveko.

Om lag 100 publikummarar, både ekstremsportutøvarar og andre gjester, fekk oppleva Eldbjørg Raknes halda ein sterk og vakker konsert der scena var omkramsa av Raundalselva. Raknes nytta elva både som visuell bakgrunn for konserten, men òg ved å ta opp elvebruset og bruka dette som ein del av musikken.

 

 

Ekstremjazz er flytta!

Eldbjørg Raknes

Urdland klokka 13:00

Ekstremjazz med Eldbjørg Raknes er flytta frå Hustveit til Urdland, dvs. ved  Lindebergs bru. Klokkeslett er òg endra, ny tid er 13:00.

Det går buss frå parkeringsplassen ved Park kl. 12:00, evt. parkering ved Raundalen skule og shuttlebuss derifrå.

Konserten finn stad i samband med Europacup i Rafting; slalom, spring og H2H. Det blir sal av kortreist mat.

Konserten er gratis.


Velkomen!

www.ekstremsportveko.com

www.eldbjorgraknes.com

 

Ekstremjazz

Eldbjørg Raknes

 

Tysdag 29. juni vert det Ekstremjazz på Hustveit!

Ekstremjazz er eit kryssoverprosjekt mellom Ekstremsportveko og Vossa Jazz, denne gongen under Veko. Eldbjørg Raknes held konsert og ekstremsportutøvarar frå ulike greiner vil kretsa rundt arenaen på tunet.

Hustveit ligg på andre sida av dalen for Tvindefossen. Frå Vangen: Køyr mot Tvinde og ta til høgre like før avkøyringa til Tvinde camping og over ei lita bru. Det vert avgang herfrå kl. 16:30. Det tar 30 - 60 min. å gå frå vegen, alt etter tempo :) Ved behov for transport frå sentrum: Det går buss frå parkeringsplassen ved Park kl. 16:00.

 

Det vert sal av kortreist mat.

Konserten er gratis. Kom og bli med til denne flotte staden for ei sterk oppleving!

 

www.ekstremsportveko.com

www.eldbjorgraknes.com

 

 

Vossa Jazz-lauget
Hansa
BKK
Fleischers hotel
Fjordland
Vossevangen hotel
Sparebanken Vest
Sponsorer
Voss energi
Bergens Tidende
Bergens Tidende