Badnajazz

sidebrok

Badnajazz 10 år!

«Auga som ser»
Festivalen som er for, av og med born har gjennom 10 å sytt for store og små augneblink, musikk, verkstader og latter. Me er svært stolte av denne jubilanten og nyttar kvart eit høve til å skryta uhemma. Men, kva meiner borna sjølve om Badnajazz? Me vil invitera born og unge til å gje sitt syn på saka gjennom ulike kunstuttrykk som til dømes måleri, skulptur, teikning og foto. Ein kan laga dette i førekant av festivalen eller la seg inspirera når det står på og ta bilete fredag og laurdag under festivalen. Det vert utstilling i Vossajuvet på Park laurdag ettermiddag og sundag.


LAURDAG KL. 11:30 TORGET

Jubileumsparade

Bli med og feira at Badnajazz er 10 år! Det er lov å pynta seg, ta med seg flagg, trommer eller noko anna å slå på eller berre koma som du er!

 

LAURDAG KL. 13:00 MØLSTERTUNET

Lektor Bjerkes Orkester
likar å spela og å kle seg i stilige hattar og fargerike kle. På programmet står kjende og kjære barnesongar, men mykje av musikken vert til undervegs. Musikarane er spesialistar på både salmesong, pling-plong musikk, bygderevy, felegnikk og rock’n roll. Det er med andre ord duka for ei særdeles underhaldande stund på Mølstertunet. Det vert leik og moro med vanlege og uvanlege instrument – kjende songar i ny innpakking og tull og tøys i skjønn foreining.

Sigrid Moldestad - hardingfele og vokal
Anders Bitustøyl - bass og vokal
Sigbjørn Apeland - orgel og vokal
Øyvind Skarbø - trommer og vokal

Produsert i samarbeid med Hordaland Fylkeskommune og Rikskonsertane.

 

SUNDAG KL. 13:00 VOSSASALEN

Hiphop frå Hovdebygda møter Olav H. Hauge!

Vossa Jazz presenterer stolt, i samarbeid med Haugesenteret i Ulvik, Badnajazz-tingingsverket: Eit samarbeid mellom Side Brok og elevar frå Bjørgum skule på Voss og Brakanes skule i Ulvik.

Side Brok vart etablert i 2001 og består i dag av Runar Gudnason alias Sjef R / Thorstein Hyl III, Bård Aasen Lødemel alias Skatebård og Oddgeir Kristensen alias Odd G. Sjef R er drivkraft, frontfigur og hovudrappar, Skatebård er backup-rappar og Odd G trakterer gitaren. Side Brok leikar med sjangrar. Rap er base og hovudelement, men dei sjonglerer særleg med element frå jazz og reaggi, og dels frå rock, funk og soul.

I år Side Brok dei fått det ærefulle oppdraget å leia Badnajazzen, eit av dei mest populære arrangementa under Vossa Jazz. Sjef R skal saman med ungdomar frå Voss og Ulvik laga rapkonsert med Olav H. Hauge som fellesnemnar. Sjefen sjølv har dette å seie: «Eigentleg er "rap" tema nok i seg sjølv, meiner eg, og rap handlar om identitet og leik med ord. Som rappar tek ein utgangspunkt i sitt eige liv og kvar ein kjem i frå, og rappar om det - og det skjer nøyaktig like mykje i Ulvik som i New York, så det er nok å ta tak i..» Gjer deg klar for urban bygderap!

Sjef R. - rap
Skatebård – rap
Odd G. - gitar
Elevar frå Bjørgum skule på Voss og Brakanes skule i Ulvik

 

Vossa Jazz-lauget
Hansa
BKK
Fleischers hotel
Fjordland
Vossevangen hotel
Sparebanken Vest
Sponsorer
Voss energi
Bergens Tidende