Bjørn Berge kom med sitt 8. album, "Live in Europe", i januar 2008. Dei fem siste åra har han brukt mykje tid i Europa, og han har spelt tallause konsertar i utlandet. Bjørn Berge treng ingen andre musikarar på scena; han likar best å styre og ha full kontroll over det musikalske uttrykket. Har han eit ekstra sett med armar, tru? trommer og bass styrer han sjølv ved hjelp av "stompcasen" sin. Musikken hans er ei blanding av blues, hip-hop, “bad-ass-funk”, rock og jazz. Mange av dei som har fått oppleva Bjørn Berge live, omtalar han som Noregs beste gitarist, gjerne heilt i verdstoppen. Avgjer sjølv på Vossa Jazz ...













