
5. joledag byr Vossa Jazz på ein dag med smak av jazz, blues, funk, ska og reggae med nye og gamle talent:
Sister Sadie og Nightlights frå UNGjaJAZZja / Olav Undeland / D’funker / Novgorod /
Klovning - Tveite - Jensen / Bitu & the Bandits / Prince Generations
Klovning - Tveite – Jensen er ein ung jazztrio med lovande musikarar som studerer ved jazzlinjene i Trondheim og Bergen. Bandet leverer eigne komposisjonar, standardlåtar og fri improvisasjon.
- Marius Klovning/ Bjørnar Kaldefoss Tveite/ Mads Jensen
Novgorod - finsk humppa, jødisk tango og lengselsfull vals.
Dette stjernelaget har følgjande bodskap å levera: «Novgorod vil hente musikken som er russisk, finsk, jødisk, nordsvensk, sigøynsk. Moll-dominert og melankolsk – vill og vital!»
- Gabriel Fliflet / David Vogt /Jørgen Sandvik / Kristoffer Vogt
Bitu & the Bandits består av ein gjeng fantastiske Bergens-musikarar som plutseleg ein dag oppdaga at dei hadde ein felles lidenskap for reggae og ska. Utgangspunktet til dette bandet var ein djup fascinasjon av den skånske reggae- og bluesartisten Peps Persson og hans Blodsband. Dette, iblanda karibiske og jamaicanske element, så har du Bitu & the Bandits.
- Kai Taule / Christian Øverås / Stein Urheim / Einar Sogstad / Øystein Bergsvik /
Anders Bitustøyl
Prince Generations - ein forrykande hyllest til ein av verdas kulaste artistar.
Gruppa består av nokre av dei fremste bergensmusikarane, som alle diggar Prince! I denne konstellasjonen får dei utfalda seg som tributeband og tek alt ut på scena i beste storbandstil. Her blir det duka for funky godstemning og høg mimrefaktor for nye og gamle Prince-fans.
- Renette Marshall / Tine Taule / Mats Grønner / Thomas Nøkling / Jan Erik Reknes /
Einar Sogstad / Kai Taule / Eystein Thue / Christian Øveraas
Det heile startar på dagtid med Badnajolajazz der Pappabandet held ynskjekonsert etterfulgt av gratiskonsert med band frå UNGjaJAZZja.
Billettsalet er i gang! Sjå www.vossajazz.no for meir info.
Trude Storheim
Dagleg leiar - tlf. 56 52 99 11 / 957 61 257












