Flat Earth Society

FLAT EARTH SOCIETY

Etter fjorårets kjempesuksess med søndagskonserten med Andy Emler Megaoctet, er det berre for Vossa Jazz å følgje opp suksessen med endå eit hardtsvingande, rocka storband frå Europa. Kanskje ikkje eit storband i namnets rette tyding, men eit stort band på alle måtar elles!

Namnet Flat Earth Society kjem frå den amerikanske organisasjonen med same namn – ein organisasjon som framleis forfektar at jorda er flat. Og kva slags musikk kan me forventa frå eit ensemble med eit såpass spesielt image? Jau, rock’n roll, jazz og galskap frå eit band som ikkje har noko sperregrense eller sjenanse for kva dei bringer til torgs av musikk.

Me kan ikkje sei anna enn: Be there!

Peter Vermeersch - komposisjon, klarinett
Stefaan Blancke - trombone
Benjamin Boutreur - altsaksofon
Michel Mast - tenorsaksofon
Bruno Vansina - barytonsaksofon, fløyte
Berlinde Deman - tuba
Bart Maris - trompet
Marc Meeuwissen - trombone
Kristof Roseeuw - kontrabass
Luc Van Lieshout - trompet
Peter Vandenberghe - piano & keyboard
Teun Verbruggen - perkusjon
Wim Willaert - accordeon, vokal
Tom Wouters - klarinett, xylofon, vibrafon
Pierre Vervloesem - gitar
Patrick Vanneck - lyd

http://www.fes.be/

 

English:
Flat Earth Society

«Flat Earth Society is a Belgian big band ensemble founded and led by Peter Vermeersch. They mix the rich Belgian brass band (HaFaBra) tradition with characteristic topsy-turvy creativity.» Thus reads the wikipidia-entry. Any band that chooses to associate themselves with the movement that still thinks the earth is flat is bound to have an agenda a bit different from the rest of us. High tempo big-band extra-ordinaire will enter the stage at Fraktgodsen Sunday evening - hurrah!

Kjøp billettar til denne konserten her.

 

 

På framsida no

Argentinsk aften på Ringheim kafe

Libertango

Libertango held vanlegvis til i Salzburg med lengre periodar i Buenos Aires. For kvelden har bandet forflytta seg til Noreg og Vestlandet og tek sikte på å sprita opp fredagskvelden på beste latinovis!

Gruppa har sitt musikalske utspring i Django Reinhardt, tradisjonell tango, Tango nuevo såvel som eigenkomponerte stykke av den meir improvisatoriske arten. Publikum får dosar av flamenco og fransk musette innimellom dei hjarteskjærande argentinske tangoane som kan fylla augo med tårer og setja blodet i brann.

Gjer dekan klar for ein lidenskapeleg kveld med virtuose musikarar og heftige rytmar!

Sigrid Gerlach Waltenberger: trekkspel
Sabine Linecker: Kontrabass
Michael Brandl : Gitar

Ringheim kafé fredag 10. september kl. 22:00.
Kr. 100, billettsal i døra. 

Les meir: http://www.myspace.com/libertangosalzburg#ixzz0wUZ8KaVu

Ekstremt vakkert ved Raundalselva

Eldbjørg Raknes

Foto: Terje Nesthus 


Tysdag 29. juni var det igjen duka for Ekstremjazz, denne gongen i Raundalen, ved Lindebergs bru. Konserten fann stad i samband med Europacup i rafting og var eit samarbeid med Ekstremsportveko.

Om lag 100 publikummarar, både ekstremsportutøvarar og andre gjester, fekk oppleva Eldbjørg Raknes halda ein sterk og vakker konsert der scena var omkramsa av Raundalselva. Raknes nytta elva både som visuell bakgrunn for konserten, men òg ved å ta opp elvebruset og bruka dette som ein del av musikken.

 

 

Ekstremjazz er flytta!

Eldbjørg Raknes

Urdland klokka 13:00

Ekstremjazz med Eldbjørg Raknes er flytta frå Hustveit til Urdland, dvs. ved  Lindebergs bru. Klokkeslett er òg endra, ny tid er 13:00.

Det går buss frå parkeringsplassen ved Park kl. 12:00, evt. parkering ved Raundalen skule og shuttlebuss derifrå.

Konserten finn stad i samband med Europacup i Rafting; slalom, spring og H2H. Det blir sal av kortreist mat.

Konserten er gratis.


Velkomen!

www.ekstremsportveko.com

www.eldbjorgraknes.com

 

Ekstremjazz

Eldbjørg Raknes

 

Tysdag 29. juni vert det Ekstremjazz på Hustveit!

Ekstremjazz er eit kryssoverprosjekt mellom Ekstremsportveko og Vossa Jazz, denne gongen under Veko. Eldbjørg Raknes held konsert og ekstremsportutøvarar frå ulike greiner vil kretsa rundt arenaen på tunet.

Hustveit ligg på andre sida av dalen for Tvindefossen. Frå Vangen: Køyr mot Tvinde og ta til høgre like før avkøyringa til Tvinde camping og over ei lita bru. Det vert avgang herfrå kl. 16:30. Det tar 30 - 60 min. å gå frå vegen, alt etter tempo :) Ved behov for transport frå sentrum: Det går buss frå parkeringsplassen ved Park kl. 16:00.

 

Det vert sal av kortreist mat.

Konserten er gratis. Kom og bli med til denne flotte staden for ei sterk oppleving!

 

www.ekstremsportveko.com

www.eldbjorgraknes.com

 

 

Vossa Jazz-lauget
Hansa
BKK
Fleischers hotel
Fjordland
Vossevangen hotel
Sparebanken Vest
Sponsorer
Voss energi
Bergens Tidende
Bergens Tidende