Jazzmob er ein norsk sekstet som vart grunnlagt av saksofonist Jon Klette i 1998. Jazzmob gav ut debutalbumet "The Truth" på eigen label, Beboporbedead Rec, året etter. Albumet, som var ein dobbel live-dokumentasjon av Jazzmob, fekk særs god mottaking hjå pressa, og sjølv utan distribusjon selde det nesten 500 eksemplar.
Jazzmob har halde det gåande sidan, og slapp andrealbumet "Pathfinder" på Jazzaway Records i 2002 og sitt tredje, "Infernal Machine", våren 2006.
Jazzmob spelar nesten utelukkande eige materiale ført i pennen av Jon Klette og Anders Aarum. Musikalsk er dei inspirerte av eit bredt spekter artistar og sjangrar som Frank Zappa, John Coltrane, Ornette Coleman, Miles Davis, Jimi Hendrix og Don Cherry - frå bebop og 60-tals amerikansk jazz, til progrock og klassisk samtidsmusikk. Kjendisar i jazzverda som Mats Eilertsen, Jarle Vespestad og Ingebrigt Håker Flaten har alle vore innom stjerneteamet.
Dagens sterke kombo stiller med fynd og klem på årets Vossa Jazz!
Jon Klette – altsaksofon
Gisle Johansen - tenor-/sopransaksofon, fløyte
Jørn Øyen - piano, Rhodes, syntheziser
Kåre Nymark jr. - trompet
Per Zanussi - bass
Andreas Bye – trommer
http://www.jazzaway.com/index.php/jazzmob.html
English:
Jazzmob
Sextet Jazzmob was founded back in 1998 and has meanwhile released a number of critically acclaimed albums such as «The truth» and «Infernal Machine». Their self-composed music is inspired by a line of artists from Frank Zappa and Jimi Hendrix to Ornette Coleman and Don Cherry. A number of well-known Norwegian jazz artists have visited Jazzmob including Mats Eilertsen, Jarle Vespestad and Ingebrigt Håker Flaten. Check out this year's strong combo at Voss!












