Josefine Lindstrand vart i fjor kåra til Sveriges beste jazzsangerinne og debutplata hennar ”There will be stars” frå 2008 har fått flotte omtalar både i Sverige og internasjonalt.
Mange kjenner kanskje Lindstrand best frå det danske bandet Sekten, kor ho har ei viktig rolle. I tillegg har ho dei seinare åra jobba tett med den britiske pianisten og orkesterleiaren Django Bates.
Josefine Lindstrand har studert ved Rytmisk Musikkonservatorium i København og lydbiletet ho likar seg i vert ofte skildra som eit skeivt pop-/jazz-landskap. Med seg i bandet har ho også den heimkomne, norske trompet-sonen Gunnar Halle, som i mange år har opphalde seg i København, men som no atter har gjort nordmann av seg. Samspelet mellom dei to gjev lyttaren musikk som det går lang tid mellom kvar gong ein får oppleva. Det er originalt, vakkert, morosamt og hyggeleg. Og akkurat passe for ein festivalkveld på Park!
Josefine Lindstrand - song
Gunnar Halle - trompet
Jonas Östholm - piano
Fredrik Myhr - trommer
http://www.josefinelindstrand.com
English:
Josefine Lindstrand
Josefine Lindstrand awarded Best jazz singer of the year 2009 and her debut album «There will be stars» from 2008 has gotten great reviews both in Sweden and internationally. Next to playing with Danish Sekten, she has worked closely with Django Bates. Her quirky pop/ jazz can be enjoyed live at Park on Saturday!












