Mahilde Renault og Jonas Knutsson

Mahilde Renault og Jonas Knutsson

Saksofonisten Jonas Knutsson skulle for dei fleste vera kjent for sin briljante kombinasjon av jazz og folkemusikk. Gjennom mange år har han markert seg som ein glitrande tolkar av den svenske jazzskatten, gjort i små format og godt blanda med folkemusikkskatten, særlig frå Norrbotten.

Mathilde Renault kjem frå Belgia. Ho er ein ung og svært kreativ pianist, og når ho syng går tankane fort til ein songar som Maria Joao. Saman har desse spelt inn ei plate, og som duo spelar dei frå tid til annan konsertar saman, seinast på Umeå Jazzfestival i oktober 2009.

No får Vossa Jazz-publikummet høve til å høyra denne drivande dyktige duoen på intimkonsert på Sævelid. Gled dykk! Dette blir vakkert!

Mathilde Renault – piano og vokal
Jonas Knutsson – saksofoner

www.myspace.com/jonasknutssonetmathilderenault

English:
Mathilde Renault & Jonas Knutsson

The cooperation between Swedish sax player Jonas Knutsson and Belgian pianist/singer Mathilde Renault has resulted in an album. Her voice can sometimes remind you of Maria Joao and this combined with his main-influences being Swedish folk music, all these factors builds up to a gorgeous experience.

Kjøp billettar til denne konserten her

På framsida no

Herborg Kråkevik om Vossa Jazz

Herborg Kråkevik om Vossa Jazz

 

"For oss unge på slutten av 80-talet og starten av 90-talet, var Vossa Jazz noko stort! Det me lengta etter var eit festivalpass, det var sjølve inngangen til Paradis; mørke klubbar,svartkledde gutar og ustanseleg musikk. Ny musikk,vill musikk, vár og vakker musikk...

Sjølvsagt mangla vennina mi og eg pengar til dette. Men me hadde storebrødre som velvillig fortalde oss om alt me gjekk glipp av. Dei blæra seg med alt dei hadde høyrt og sett og smaka.

Men så ein dag tok me hemn:
Studentradioen i Bergen var så lette å lura at dei lét oss to gymnasjentene reisa til Voss med bandopptakar og kvart sitt pressekort for å intervjua stjernene. Kanskje var det ikkje så dumt gjort? Kanskje visste dei at om det var noko som kunne få dei aldrande jazz-stjernene i tale så var det to blonde og trinne budeier frå Hardanger...Me kom gratis inn på alt! Triumfen var fantastisk då me strena forbi brørne våre som stod i kø for å kjøpa det teite festivalpasset sitt.
Og, ja-det var sant det dei hadde fortalt; musikken endra oss for livet!

Bryan Adams og Tina Turner blei heilt uinteressante for oss, no var det Paolo Vinaccia og Marilyn Mazur som skein sterkast på himmelen for oss...og Palle Mikkelborg,og Bjørn Kjellemyr,og Bendik Hofseth og alle dei andre me såg og høyrde og intervjua. Sidan vart det Vossa Jazz for alle sparepengane, då og no og alltid! Hurra for at festivalen framleis finst og tenner nye stjerner på Påskehimmelen!"

Spellemann til Tord Gustavsen Ensemble

Spellemann til Tord Gustavsen Ensemble

Vossa Jazz ynskjer Tord Gustavsen Ensemble til lukka med Spellemann i kategorien jazz! Dei fekk prisen for plata "Restored, Returned" som er basert på Gustavsen sitt Tingingsverk til Vossa Jazz i 2008. Solveig Slettahjell sitt Tingingsverk til Vossa Jazz i 2009; "Tarpan Seasons" var òg nominert. Vossa Jazz - aktuelle Noora Noor fekk prisen for årets kvinnelege artist, ho spelar på Fleischer`s laurdag 28. mars klokka 22:00. Velkomen!

Hugs å melda deg på til Vossakveik!

Erik Thorstvedt

I samarbeid med Indre Hordaland Miljøverk inviterer Vossa Jazz til det tradisjonelle næringslivsseminaret Vossakveik torsdag 25. mars klokka 16:30–20:00 i Fraktgodsen. Voss kommune byr på smakebitar av lokalprodusert mat. Årets tema er reiseliv, klima og kulturbasert næring. Kan desse einast, eller er det for store motsetningar? I føredragspanelet sit Øystein Dahle, Erik Thorstvedt og Morten Krogvold. Bindande påmelding til kari@vossajazz.no.

Ekstremjazz til vers!

Ekstremjazzen

I år har du høve til å få ein heilt unik publikumsplass under Vossa Jazz! 30 heldige får ta del i ein tandemtur med paraglider som skal sirkla over Hanguren der Jon Balke & co utfører årets Ekstremjazz. Dei utvalde vil - som dei fyrste i verda – få vera med i eit forsøk der ein skal sjå om dette adrenalinkicket påverkar musikkopplevinga!

Hovudkriteria for å delta er å vera under 100 kg, normalt god fysisk form og klinkande edru. Gildet kostar 2500 kr. Musikken er det, i år som i fjor, ekstremsportutøvar og musikar Jon Balke som står for. Med referanser til Harald Sæverud sitt verk ”Kjempeviseslåtten” har Balke komponert eitt musikkverk der jazz, folkemusikk, fjell og sterke kjensler vert fletta saman i ei makalaus nyskapande kulturoppleving. For meir informasjon om arrangementet, ta kontakt med prosjektleiar Annichen Rokne på annichen@festivalvoss.no eller tlf 95 13 03 91.

Vossa Jazz-lauget
Hansa
BKK
Fleischers hotel
Fjordland
Vossevangen hotel
Sparebanken Vest
Sponsorer
Voss energi
Bergens Tidende