Mikko Innanen er, utan tvil, Finlands mest energiske saksofonist i dag. Saman med den tyske saksofonisten Daniel Erdmann (Das Kapital) dannar dei ein knallhard og hypersvingande duo som får keyboardist Seppo
Kantonen og trommeslagar Joonas Riippa til å måtta ta fram sine mest kreative og energiske komp-eigenskapar for å halde følgje. Og det klarer dei.
Kantonens keyboardspel er ut av denne verda, og ligg heile tida på grensa til å verta «danskebåt», men han held seg heile tida på rett side av eggen.
Trommeslagar Riippa er ein energibunt fra topp til tå, og klarar på meisterleg vis å halda drivet og energien oppe i dette hardtsvingande bandet.
I front duellerer og samarbeider dei to saksofonistene på ein høgst overbevisande måte, og det er berre å gje seg over.
Mikko Innanen – saksofonar
Fredrik Ljungkvist – saksofonar
Seppo Kantonen – keyboards
Joonas Riippa – trommer
http://www.myspace.com/mikkoinnaneninnkvisitio
English:
Mikko Innanen & Innkvisitio
Innanen is without doubt Finland's most energetic sax player and with his German co-sax player and rocking backin duo, make way for a powerful experience. The two saxphones battles and cooperates equally, the keyboard and drums tag elegantly along and wraps it all together. Perfect for a late Saturday night at Fraktgodsen!












