
Foto: Daniel Melve Kvarme
Vossa Jazz er stolte over å halda høgt nivå på plakatane sine. Plakatkunst er eit omgrep som vert teke på alvor.
Årets Vossa Jazz-kunstnar er fotograf Vidar Herre. Motivet er restane av veggen på den no rivne Enkjeheimen. Både rivinga og motivet i seg sjølv gjev rom for ettertanke, ein ser framover med fortida i tankane. Kunstnaren har kalla verket "Møte med veggen":
"Dei fleste av oss har ei fortid... Nokre dører, små rom me prøver å stengja bak oss. Gamalt slagg me prøver å gløyma. -- Men så opnar dei seg brått opp att og opnar gamle sår. Murpussen slår sprekker. No er det eit tiårsskifte sidan Enkjeheimen gjekk i bakken for å gjera plass til ei ny tid -- gje plass til nytt blod i gatebiletet. Det er eit år sidan Ivar B. Løne(85) og Aagot Himle (66) laut gje tapt for gravemaskinene og lova sine lange armar. Lenkjene brast -- og framtida med? Kanskje tomta bør bli som ho er, for å vitna om gamle dagar? --Eller gje oss noko nytt å bryna oss på, til å byggja Noregs hus ilag med europeiske presidentar og andre lokale heltar. Folk treng hus, og tinghus treng folk."
Vidar Herre er ein prisvinnande fotograf busett på Voss og med arbeidsplass i avisa Hordaland.











