Naoko Sakata Trio

Foto: Elin Hörberg

Den unge pianisten Naoko Sakata kjem opprinneleg frå Nara i Japan, men har sidan 2008 hatt tilhald i Gøteborg. Her har ho sidan markert seg som eit heilt spesielt talent innanfor den stolte svenske pianojazztradisjonen. I Gøteborg har Naoko Sakata studert jazzpiano og improvisasjon, og det var også her ho starta sin eigen trio med Blomgren og Birgenius.

I haust var Naoko Sakata Trio svensk bidrag i konkurransen Young Nordic Jazz Comets, der Naoko gjekk av garde med prisen for beste solist. Trioen vart kåra til beste svenske jazzband under same arrangement. «Ei profilert gruppe med autoritet, flyt og skjønnheit både i utføring og i komposisjonar», stod det mellom anna å lesa i grunngjevinga.

Naoko Sakata Trio spelar lyrisk og vakker pianojazz i landskapet rundt Tord Gustavsen, Brad Mehldau og ei rekkje av dei andre «nye» stjernene på pianojazzhimmelen.

 

Naoko Sakata – piano

Anton Blomgren – bass

Johan Birgenius - trommer

www.myspace.com/naokosakatatrio

Japanese piano player Naoko Sakata moved to Sweden in 2008 with immense skills and ambitions in her suitcase. She teamed up with Anton Blomgren and Johan Birgenius, a trio that has since won Young Nordic Jazz Comets. Brad Mehldau and Tord Gustavsen are mentioned to give you a clue to what direction the move in. Lyrical, beautiful, soothing, exciting.

Kjøp billettar til denne konserten her.

På framsida no

Herborg Kråkevik om Vossa Jazz

Herborg Kråkevik om Vossa Jazz

 

"For oss unge på slutten av 80-talet og starten av 90-talet, var Vossa Jazz noko stort! Det me lengta etter var eit festivalpass, det var sjølve inngangen til Paradis; mørke klubbar,svartkledde gutar og ustanseleg musikk. Ny musikk,vill musikk, vár og vakker musikk...

Sjølvsagt mangla vennina mi og eg pengar til dette. Men me hadde storebrødre som velvillig fortalde oss om alt me gjekk glipp av. Dei blæra seg med alt dei hadde høyrt og sett og smaka.

Men så ein dag tok me hemn:
Studentradioen i Bergen var så lette å lura at dei lét oss to gymnasjentene reisa til Voss med bandopptakar og kvart sitt pressekort for å intervjua stjernene. Kanskje var det ikkje så dumt gjort? Kanskje visste dei at om det var noko som kunne få dei aldrande jazz-stjernene i tale så var det to blonde og trinne budeier frå Hardanger...Me kom gratis inn på alt! Triumfen var fantastisk då me strena forbi brørne våre som stod i kø for å kjøpa det teite festivalpasset sitt.
Og, ja-det var sant det dei hadde fortalt; musikken endra oss for livet!

Bryan Adams og Tina Turner blei heilt uinteressante for oss, no var det Paolo Vinaccia og Marilyn Mazur som skein sterkast på himmelen for oss...og Palle Mikkelborg,og Bjørn Kjellemyr,og Bendik Hofseth og alle dei andre me såg og høyrde og intervjua. Sidan vart det Vossa Jazz for alle sparepengane, då og no og alltid! Hurra for at festivalen framleis finst og tenner nye stjerner på Påskehimmelen!"

Spellemann til Tord Gustavsen Ensemble

Spellemann til Tord Gustavsen Ensemble

Vossa Jazz ynskjer Tord Gustavsen Ensemble til lukka med Spellemann i kategorien jazz! Dei fekk prisen for plata "Restored, Returned" som er basert på Gustavsen sitt Tingingsverk til Vossa Jazz i 2008. Solveig Slettahjell sitt Tingingsverk til Vossa Jazz i 2009; "Tarpan Seasons" var òg nominert. Vossa Jazz - aktuelle Noora Noor fekk prisen for årets kvinnelege artist, ho spelar på Fleischer`s laurdag 28. mars klokka 22:00. Velkomen!

Hugs å melda deg på til Vossakveik!

Erik Thorstvedt

I samarbeid med Indre Hordaland Miljøverk inviterer Vossa Jazz til det tradisjonelle næringslivsseminaret Vossakveik torsdag 25. mars klokka 16:30–20:00 i Fraktgodsen. Voss kommune byr på smakebitar av lokalprodusert mat. Årets tema er reiseliv, klima og kulturbasert næring. Kan desse einast, eller er det for store motsetningar? I føredragspanelet sit Øystein Dahle, Erik Thorstvedt og Morten Krogvold. Bindande påmelding til kari@vossajazz.no.

Ekstremjazz til vers!

Ekstremjazzen

I år har du høve til å få ein heilt unik publikumsplass under Vossa Jazz! 30 heldige får ta del i ein tandemtur med paraglider som skal sirkla over Hanguren der Jon Balke & co utfører årets Ekstremjazz. Dei utvalde vil - som dei fyrste i verda – få vera med i eit forsøk der ein skal sjå om dette adrenalinkicket påverkar musikkopplevinga!

Hovudkriteria for å delta er å vera under 100 kg, normalt god fysisk form og klinkande edru. Gildet kostar 2500 kr. Musikken er det, i år som i fjor, ekstremsportutøvar og musikar Jon Balke som står for. Med referanser til Harald Sæverud sitt verk ”Kjempeviseslåtten” har Balke komponert eitt musikkverk der jazz, folkemusikk, fjell og sterke kjensler vert fletta saman i ei makalaus nyskapande kulturoppleving. For meir informasjon om arrangementet, ta kontakt med prosjektleiar Annichen Rokne på annichen@festivalvoss.no eller tlf 95 13 03 91.

Vossa Jazz-lauget
Hansa
BKK
Fleischers hotel
Fjordland
Vossevangen hotel
Sparebanken Vest
Sponsorer
Voss energi
Bergens Tidende