Nok ein vellukka Vossa Jazz

Magne Kalstad og Trude Storheim

Etter dagens oppsummering etter nesten overstått Vossa Jazz kunne festivalsjef Trude Storheim og styreleiar Magne Kalstad konkludera med at den 37. i rekka har vore ein suksess.
- Med årets salstal når me budsjettet vårt. Me har prøvd ut nye småscener i år og har opplevd stor pågang. No må me vurdera om kapasiteten er god nok, då beklageligvis mange ikkje kom inn på desse knallgode konsertane, seier Storheim.

Voss Jazz er ein nyskapande festival, og dette året har publikum fått presentert heile fem nye bestillingar; Tingingsverket komponert av Karin Krog og John Surman. I tillegg presenterte Tore Brunborg og Kirsti Huke sitt nye prosjekt Scent of Soil, Kvarts hadde med seg Birger Mistereggen, Helge Lien og Torben Snekkestad og saman foreina dei jazz og folkemusikk med nyskrive materiale, og i strålande solskinn fekk publikum oppleva Jon Balke versjon av «Kjempeviseslåtten» kombinert med luftakrobatikk under Ekstremjazzen. Badnajazzen er 10 år og markerte dette med eit tingingsverk frå Runar Gudnason og Side Brok saman med elvar frå Bjørgum og Ulvik skule. Billettane har gått unna og dette stadfestar at programmet har slått an.
- Med årets salstal når me budsjettet vårt. Me har prøvd ut nye småscener i år og har opplevd stor pågang. No må me vurdera om kapasiteten er god nok, då beklageligvis mange ikkje kom inn på desse knallgode konsertane, seier Storheim.

På framsida no

Argentinsk aften på Ringheim kafe

Libertango

Libertango held vanlegvis til i Salzburg med lengre periodar i Buenos Aires. For kvelden har bandet forflytta seg til Noreg og Vestlandet og tek sikte på å sprita opp fredagskvelden på beste latinovis!

Gruppa har sitt musikalske utspring i Django Reinhardt, tradisjonell tango, Tango nuevo såvel som eigenkomponerte stykke av den meir improvisatoriske arten. Publikum får dosar av flamenco og fransk musette innimellom dei hjarteskjærande argentinske tangoane som kan fylla augo med tårer og setja blodet i brann.

Gjer dekan klar for ein lidenskapeleg kveld med virtuose musikarar og heftige rytmar!

Sigrid Gerlach Waltenberger: trekkspel
Sabine Linecker: Kontrabass
Michael Brandl : Gitar

Ringheim kafé fredag 10. september kl. 22:00.
Kr. 100, billettsal i døra. 

Les meir: http://www.myspace.com/libertangosalzburg#ixzz0wUZ8KaVu

Ekstremt vakkert ved Raundalselva

Eldbjørg Raknes

Foto: Terje Nesthus 


Tysdag 29. juni var det igjen duka for Ekstremjazz, denne gongen i Raundalen, ved Lindebergs bru. Konserten fann stad i samband med Europacup i rafting og var eit samarbeid med Ekstremsportveko.

Om lag 100 publikummarar, både ekstremsportutøvarar og andre gjester, fekk oppleva Eldbjørg Raknes halda ein sterk og vakker konsert der scena var omkramsa av Raundalselva. Raknes nytta elva både som visuell bakgrunn for konserten, men òg ved å ta opp elvebruset og bruka dette som ein del av musikken.

 

 

Ekstremjazz er flytta!

Eldbjørg Raknes

Urdland klokka 13:00

Ekstremjazz med Eldbjørg Raknes er flytta frå Hustveit til Urdland, dvs. ved  Lindebergs bru. Klokkeslett er òg endra, ny tid er 13:00.

Det går buss frå parkeringsplassen ved Park kl. 12:00, evt. parkering ved Raundalen skule og shuttlebuss derifrå.

Konserten finn stad i samband med Europacup i Rafting; slalom, spring og H2H. Det blir sal av kortreist mat.

Konserten er gratis.


Velkomen!

www.ekstremsportveko.com

www.eldbjorgraknes.com

 

Ekstremjazz

Eldbjørg Raknes

 

Tysdag 29. juni vert det Ekstremjazz på Hustveit!

Ekstremjazz er eit kryssoverprosjekt mellom Ekstremsportveko og Vossa Jazz, denne gongen under Veko. Eldbjørg Raknes held konsert og ekstremsportutøvarar frå ulike greiner vil kretsa rundt arenaen på tunet.

Hustveit ligg på andre sida av dalen for Tvindefossen. Frå Vangen: Køyr mot Tvinde og ta til høgre like før avkøyringa til Tvinde camping og over ei lita bru. Det vert avgang herfrå kl. 16:30. Det tar 30 - 60 min. å gå frå vegen, alt etter tempo :) Ved behov for transport frå sentrum: Det går buss frå parkeringsplassen ved Park kl. 16:00.

 

Det vert sal av kortreist mat.

Konserten er gratis. Kom og bli med til denne flotte staden for ei sterk oppleving!

 

www.ekstremsportveko.com

www.eldbjorgraknes.com

 

 

Vossa Jazz-lauget
Hansa
BKK
Fleischers hotel
Fjordland
Vossevangen hotel
Sparebanken Vest
Sponsorer
Voss energi
Bergens Tidende
Bergens Tidende