Pratagraf

Pratagraf

Pratagraf er den vellukka spleisinga av Jon Balke sitt Batagraf-prosjekt, eit perkusjonsforum med klare impulsar  frå Cuba og Latin-Amerika og med plata «Statements» på ECM bak seg. No har dei fått med seg ordkløyvarane Espen Beranek Holm og Are Kalvø i ei burlesk vidareføring av konseptet til Batagraf. Tenk deg Dagsrevyen akkompagnert av ein rytmeseksjon! Det kan seiast å vera i same ånd som 60-talets "spoken word sessions", der karar som Lenny Bruce tok med seg musikarar for å fyra av sine kritiske og morosame merknader mot samfunnet. Me kan ana ei dose språkdadaisme bak trommevirvlane og venta oss ei noko uvanleg oppleving på scena denne kvelden.

Pratagraf:
Espen Beranek Holm - prat
Are Kalvø - prat
Jon Balke – keyboard
Helge Norbakken – perkusjon
Kenneth Ekornes – perkusjon
Ingar Zach – perkusjon

www.batagraf.org

BKK

På framsida no

Anne Grete Preus om å spela på Vossa Jazz:

"Vossa Jazz er en intens happening for nasjonal og internasjonal musikk og det er en stor glede å komme til Vossa Jazz igjen.

Sist var ganske tidlig i mitt arbeid som soloartist i 1989. Da gjorde jeg en klubbkonsert med et sterkt band som hadde mange venner på Vossa Jazz; Nils Petter Molvær, Eivind Aarset og Paolo Vinaccia for å nevne noen. Husker også at jeg ble servert smalahove for første gang og at det smakte bedre enn det så ut! Hadde selv også en stor konsertopplevelse med en japansk kvinnelig pianist, med et svært ekspressivt uttrykk som ble fanget av kunstneren Arne Nøst. Bildet henger på en av mine vegger.

Jeg håper å gi publikum en stemningsfull opplevelse og et direkte møte med tekst, sang, flygel og mange av mine gitarer. Jeg gleder meg i alle fall til å komme på Vossa Jazz!"

Vert du med på STEVnemøte?

Småkvedarane på øving med Kari Finne Sognnæs og Sissel Saue

STEVnemøte er ein konsert der ulike stev vert pakka inn av fantastiske musikarar, og med på laget er småkvedarane på Voss.

Fredag 5. februar kan du få med deg konserten som finn stad på Park Hotel Vossevangen klokka 17:30. Ole Hamre og Sissel Saue leiar konserten, og med seg har dei Per Jørgensen (trompet), Snorre Bjerck (trommer), Kato Ådland (gitar) og Harald Dahlstrøm (keybord).

Konserten er eit samarbeid med Bergen Jazzforum og den musikalske stamvegen. Vert du med på STEVnemøte?

Møte med veggen

Vidar Herre

Foto: Daniel Melve Kvarme

Vossa Jazz er stolte over å halda høgt nivå på plakatane sine. Plakatkunst er eit omgrep som vert teke på alvor.

Årets Vossa Jazz-kunstnar er fotograf Vidar Herre. Motivet er restane av veggen på den no rivne Enkjeheimen. Både rivinga og motivet i seg sjølv gjev rom for ettertanke, ein ser framover med fortida i tankane.
 Kunstnaren har kalla verket "Møte med veggen":

"Dei fleste av oss har ei fortid... Nokre dører, små rom me prøver å stengja bak oss. Gamalt slagg me prøver å gløyma. -- Men så opnar dei seg brått opp att og opnar gamle sår. Murpussen slår sprekker. No er det eit tiårsskifte sidan Enkjeheimen gjekk i bakken for å gjera plass til ei ny tid -- gje plass til nytt blod i gatebiletet. Det er eit år sidan Ivar B. Løne(85) og Aagot Himle (66) laut gje tapt for gravemaskinene og lova sine lange armar. Lenkjene brast -- og framtida med? Kanskje tomta bør bli som ho er, for å vitna om gamle dagar? --Eller gje oss noko nytt å bryna oss på, til å byggja Noregs hus ilag med europeiske presidentar og andre lokale heltar. Folk treng hus, og tinghus treng folk."

Vidar Herre er ein prisvinnande fotograf busett på Voss og med arbeidsplass i avisa Hordaland.

Side Brok

Side Brok

Side Brok vart etablert i 2001 og slo for alvor gjennom i 2004 med plata «Høge brelle». Same året under By:larm vann dei NRK Petre sin Urørt-konkurranse og VG sin pris for beste liveband.

Side Brok leikar med sjangrar. Rap er base og hovudelement, men dei sjonglerar særleg med element frå jazz og reggae, og dels frå rock, funk og soul. Side Brok har sidan starten markert seg som noko heilt unikt og har bevist kor vellukka bruken av nynorsk og dialekt i rap er. Med høgt tempo og innslag frå diverse karakterar og bygdeoriginalar utspelar konsertane seg som den reinaste hiphop/techno-revy!

Sjef R. - rap
Skatebård – rap
Odd G. - gitar

http://www.sidebrok.no/

Billettar til denne konserten = huskort fredag.

Vossa Jazz-lauget
Hansa
BKK
Fleischers hotel
Fjordland
Vossevangen hotel
Sparebanken Vest
Sponsorer
Voss energi
Bergens Tidende