Pressemeldingar

Pris og tingingsverk til borna på Vossa Jazz

Badnajazzen

I år vart Badnajazzprisen på Vossa Jazz tildelt dei Badnajazzen er for, med og av; borna sjølve. Badnajazzen har i år 10-årsjubileum, og prisen, som gjekk til borna sjølve, vart feira med bollar og saft etter konserten.

Stein Urheim vann Vossa Jazz-prisen 2010

Stein Urheim

«Prisen skal gå til den frilans jazzmusikaren frå Hordaland som i løpet av festivalåret har gjort seg mest fortent til denne heideren. Årets prisvinnar har i mange år markert seg som ein solid utøvar, med ei allsidig verksemd innanfor mange sjangrar. Årets prisvinnar er ein av våre finaste instrumentalistar. Gjennom sine eigne prosjekt har han vore sentral i landsdelen i mange år.

Ekstrem "Kjempeviseslått" på Vossa Jazz

Ekstremjazzen

Laurdag føremiddag tok over 300 festivaldeltakarar turen med gondolbanen til Hanguren for å få med seg Ekstremjazzen. Ekstremjazzen, den fjerde i rekkja i Vossa Jazz si historie, har blitt ein viktig og integrert del av festivalen sitt program.

Nytt Tore Brunborg-verk via e-post

Scent of Soil

Tore Brunborg hadde fredag urframføring av prosjektet Scent of Soil på Vossa Jazz. Brunborg tykkjer det er viktig å ha eit bakteppe og utgangspunkt i noko ein likar når ein lagar musikk, og denne gongen er naturen inspirasjonskjelda. Låtane har Brunborg komponert saman med Kirsti Huke, medan det er Huke som har stått for alle tekstane.

Charlie Haden tilbake til Vossa Jazz!

Charlie Haden

Det har gått seksten år sidan Charlie Haden vitja Vossa Jazz, endeleg er han tilbake! Saman med Quartet West spelar han opningskonserten på Voss, fredag 26. mars.

Tingingsverk 2010: Karin Krog og Jon Surman

Karin Krog og Jon Surman

KARIN KROG OG JOHN SURMAN "SONGS ABOUT THIS & THAT"

Vossa Jazz-lauget
Hansa
BKK
Fleischers hotel
Fjordland
Vossevangen hotel
Sparebanken Vest
Sponsorer
Voss energi
Bergens Tidende
Bergens Tidende