
I år vart Badnajazzprisen på Vossa Jazz tildelt dei Badnajazzen er for, med og av; borna sjølve. Badnajazzen har i år 10-årsjubileum, og prisen, som gjekk til borna sjølve, vart feira med bollar og saft etter konserten.
Tingingsverket til Badnajazzen var i år av Side Brok, og Runar Gudnason har i førekant av festivalen lært ungdommar frå Voss og Ulvik å rappe. Torsdag kom resten av bandet, og har i fire dagar øvd saman med ungdommane. På konserten viste dei unge musikarane fram både rap, felespel, hallingdans, gitarsoloar og bongotrommer.
Last ned høgoppløyselege bilete her: http://www.vossajazz.no/presse/bilete2010/sun/badnajazztingingsverksideb...
Foto skal krediterast Vossa Jazz og Brynjar Vik
For meir informasjon ta kontakt med:
Brit Aksnes, presseansvarleg, tlf 980 56 274
Trude Storheim, tlf 95 76 12 57












