Side Brok på Badnajazzen!

Hiphop frå Hovdebygda! Side Brok vart etablert i 2001, dei leikar med sjangrar. Rap er base og hovudelement, men dei sjonglerer særleg med element frå jazz og reaggi, og dels frå rock, funk og soul.

I år har Side Brok fått det ærefulle oppdraget å leia Badnajazzen, eit av dei mest populære arrangementa under Vossa Jazz. Sjef R skal saman med elevar frå Bjørgum skule på Voss og Brakanes skule i Ulvik laga rapkonsert. Sjefen sjølv har dette å sei: «Eigentleg er "rap" tema nok i seg sjølv, meiner eg, og rap handlar om identitet og leik med ord. Som rappar tar ein utgangspunkt i sitt eige liv og kvar ein kjem i frå, og rappar om det - og det skjer nøyaktig like mykje i Ulvik som i New York, så det er nok å ta tak i..»

Gjer deg klar for urban bygderap!

Runar Gudnason alias Sjef R. / Thorstein Hyl III: vokal 
Oddgeir Kristensen - gitar
Knut Sælvik - tangentar
Pål Olav Loftesnes -  tangentar
Per Mathisen - bass
Tore Breivik - trommer

http://www.sidebrok.no/

Konserten finn stad i Vossasalen, Park, sundag 28. mars kl. 13:00.

English: Commissioned Badnajazz (Children's Jazz)

Mentioned Side Brok and front man Sjef R. Have joined forces with elementary schools in Voss and nearby Ulvik. The idea is to give kids the chance to delve into their inner musical depths with the guidance of a professional musician. Internationally acclaimed and one of Norway's most treasured poets Olav H. Hauge is the main theme for the concert - with a hiphop frame! Always a winner audience wise, make sure you book your ticket early for this one.

 

Kjøp billettar til denne konserten her.

På framsida no

Argentinsk aften på Ringheim kafe

Libertango

Libertango held vanlegvis til i Salzburg med lengre periodar i Buenos Aires. For kvelden har bandet forflytta seg til Noreg og Vestlandet og tek sikte på å sprita opp fredagskvelden på beste latinovis!

Gruppa har sitt musikalske utspring i Django Reinhardt, tradisjonell tango, Tango nuevo såvel som eigenkomponerte stykke av den meir improvisatoriske arten. Publikum får dosar av flamenco og fransk musette innimellom dei hjarteskjærande argentinske tangoane som kan fylla augo med tårer og setja blodet i brann.

Gjer dekan klar for ein lidenskapeleg kveld med virtuose musikarar og heftige rytmar!

Sigrid Gerlach Waltenberger: trekkspel
Sabine Linecker: Kontrabass
Michael Brandl : Gitar

Ringheim kafé fredag 10. september kl. 22:00.
Kr. 100, billettsal i døra. 

Les meir: http://www.myspace.com/libertangosalzburg#ixzz0wUZ8KaVu

Ekstremt vakkert ved Raundalselva

Eldbjørg Raknes

Foto: Terje Nesthus 


Tysdag 29. juni var det igjen duka for Ekstremjazz, denne gongen i Raundalen, ved Lindebergs bru. Konserten fann stad i samband med Europacup i rafting og var eit samarbeid med Ekstremsportveko.

Om lag 100 publikummarar, både ekstremsportutøvarar og andre gjester, fekk oppleva Eldbjørg Raknes halda ein sterk og vakker konsert der scena var omkramsa av Raundalselva. Raknes nytta elva både som visuell bakgrunn for konserten, men òg ved å ta opp elvebruset og bruka dette som ein del av musikken.

 

 

Ekstremjazz er flytta!

Eldbjørg Raknes

Urdland klokka 13:00

Ekstremjazz med Eldbjørg Raknes er flytta frå Hustveit til Urdland, dvs. ved  Lindebergs bru. Klokkeslett er òg endra, ny tid er 13:00.

Det går buss frå parkeringsplassen ved Park kl. 12:00, evt. parkering ved Raundalen skule og shuttlebuss derifrå.

Konserten finn stad i samband med Europacup i Rafting; slalom, spring og H2H. Det blir sal av kortreist mat.

Konserten er gratis.


Velkomen!

www.ekstremsportveko.com

www.eldbjorgraknes.com

 

Ekstremjazz

Eldbjørg Raknes

 

Tysdag 29. juni vert det Ekstremjazz på Hustveit!

Ekstremjazz er eit kryssoverprosjekt mellom Ekstremsportveko og Vossa Jazz, denne gongen under Veko. Eldbjørg Raknes held konsert og ekstremsportutøvarar frå ulike greiner vil kretsa rundt arenaen på tunet.

Hustveit ligg på andre sida av dalen for Tvindefossen. Frå Vangen: Køyr mot Tvinde og ta til høgre like før avkøyringa til Tvinde camping og over ei lita bru. Det vert avgang herfrå kl. 16:30. Det tar 30 - 60 min. å gå frå vegen, alt etter tempo :) Ved behov for transport frå sentrum: Det går buss frå parkeringsplassen ved Park kl. 16:00.

 

Det vert sal av kortreist mat.

Konserten er gratis. Kom og bli med til denne flotte staden for ei sterk oppleving!

 

www.ekstremsportveko.com

www.eldbjorgraknes.com

 

 

Vossa Jazz-lauget
Hansa
BKK
Fleischers hotel
Fjordland
Vossevangen hotel
Sparebanken Vest
Sponsorer
Voss energi
Bergens Tidende
Bergens Tidende