Vakker salmejazz i Nain

bjerkheim-jazz_-_sigvor_mala-1

Bjerkrheim-jazz vart ei vakker oppleving for dei mange oppmøtte i Nain på sundag. Dei sterke tekstane til Trygve Bjerkrheim vart framhevd av Ole Arne Steinkopf sine jazza melodiar og arrangement. Frøydis Grorud (saksofon/fløyte) og resten av bandet sørga for eit stødig svingande komp og nydelege soloar mens Ole Strøm og Marilen Jørgensen Våge overbeviste med vakker og engasjerande vokal. Då det veldige koret (som var både geografisk og aldersmessig mangslungent) stemma i for fullt var det ikkje langt frå at taket letta frå det åttekanta gudshuset og gav Herren sjølv fritt innsyn til lovprisinga.

Del gjerne!