Myra Melford / Marty Ehrlich Duo
Melford og Ehrlich har begge lang fartstid innan moderne og meir tradisjonell jazz. Ehrlich m.a. frå The Jazz Passengers & The Lounge Lizzards, medan Melford har spelt med Joseph Jarman, Henry Thredgil og Leroy Jenkins mellom modernistane. I denne duoen tar dei med seg mange års røynsle som komponistar og improviserande musikarar. Dei beveger seg innanfor heile spekteret av jazz i løpet av ein konsert; blues, soul, jazz standardlåtar og eigne, meir moderne komposisjonar. Jazz Times kalla den første duoutgjevinga deira, Yet Can Spring, for ”den ultimate duoinnspelinga”. Dei har funne ein balanse mellom det komponerte og improviserte, som gjer at uventa ting skjer heile tida. Ei open, inkluderande oppleving. Den ferskaste CDen frå duoen,”Spark”, kom i august i år og ber bud om at denne konserten kanskje kan vere årets store overrasking for jazzfolket!
Myra Melford – piano
Marty Ehrlich – altsaksofon og klarinett
